Morgonstund har gull i munn

Berre eit lite "hallo" frå meg som sitter på jobb på Treningshuset. Her har eg vore frå klokka 06:15 og skal vera her til 13:15.

                      

Om du er i Oslo og ikkje har noko å ta deg til denne regnfulle onsdagen, er det berre å komma innom for ei god treningsøkt.

Ha ein fantastisk onsdag og 16. mai vidare.

 

9 dagar til frihet

Eksamenstida er her igjen, som kvart år i mai. Angsten kjem saman med den, det same med søvnmangel og junkfood. Eg har eksamen om ni dagar og teller ned dagar til sommarferie og frihet. I dag hadde eg besøk av Marit og Ane og me jobba med eksamensoppgaver i ni og ein halv time (med ein liten burgerpause lagt inn). No er håvet mitt fult. Sitter i stova med ei glas vin og skal straks legga meg. Ingen tv eller anna støy skal eg eksponera meg for no. Berre meg, vin og ro ein halvtime før søvn.

I tilllegg gleder eg meg skikkelig til å treffa denne lille krabaten igjen (som har lært seg å sei både tante og onkel). Ho e vell den søtaste....

Bilde fra Stine sin blogg.

Koslig besøk

I helga var mamma og Tuva i Oslo. På fredag hadde me god mat og berre heimakos i leiligheten. Laurdag var me på Teknisk museum og ute og åt herlig mat. I dag var det tur i Vigelandsparken i sola. Det var skikkelig koslig å få litt kvalitetstid med både mamma og Tuva igjen. Tuva har eg jo ikkje sett sidan jul. No er det eksamenslesing for alle penga fram til 21. mai då eg har siste eksamen for i år.

Ferie

Har vore på ferie i Egypt og hatt det fantastisk. Me var på kjærastetur i El Gouna på eit heilt utruleg fint hotell. El Gouna er eit område eigd av ein mann, rett utanfor Hughada. Sidan det er ein mann som eig og kontrollerar all aktivitet i El Gouna er det ikkje like mykje mas frå selgarar og liknande i dette området som i resten av Egypt. Hotellet var også nydelig. Me var såvidt utanfor hotellområdet. Det var så fint der at me berre ville vera der og slappa av. Her er nokre bilete eg og Marius har tatt med mobilen. Kjem ei oppdatering seinare med fleire bilete.

Savn..

Verdens finast lille gullklump.

Bilder tatt av Marius

Bursdagskake

Hurraaaaaa for Marius

Påsken...

Eg og mamma laga 140 fiskekaker.

Eg laga meg bursdagskaka..

..og fekk fine koppar i pakken fra svigers.

Me fekk kvilt..

..og lekt masse.

Var ein herlig påske. No skal me heim til Oslo og kvardag. Deilig det og :-)

God påske

God påske alle saman. No sitter eg i sofaen og ser Emil i Lønneberget. Tidligare gjekk Ronja Røverdatter. Deilig med gode påskefilmar på tv. Men straks må eg løfta meg frå sofaen og barnefilmane. For i dag reiser eg til Stord. Skal bli godt å komma heim å vera sammen med familie og venner.

Ingenting er som ferie med dei ein er glad i <3

Bare bein og blomsterkjole på taket

Vår er herlig

No har eg logge sjuk ei veke med pottetett nasa, slimete hals og eit håve som dunkar. I tillegg har eg ei semesteroppgåve som skal inn i morgon. Alt dette i tillegg til mykje jobb kan vera grobunn til litt klaging. Meeen eg lar vera. For våren er her. 17 grader i skuggen i hovudstaden i dag. Eg har eigentleg ikkje form eller tid til å vera ute,men tok ein liten tur i sta og eg angrar ikkje. Herlig vårluft er det beste. Fekk plukka med meg nokon "pusekattar" ,eller "gåsungar" som nokon kallar det. Marius var og verdas beste kjæraste og kom heim med nydelige tulipanar i går. No sitt han her og speler gitar for meg medan eg har ein kaffipause fra oppgaveskriving. Herlege vår..

Les mer i arkivet » Mai 2012 » April 2012 » Mars 2012
hits